Laurdag kveld kl 24 er det definitivt slutt på årets fiskesesong i Toåa. Første veka var det labert, men i resten av sesongen har det vore bra fiske, fortel leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Det har spesielt vore bra med små- og mellomstor laks, og laksefiskarane har vore godt nøgd med årets resultat.
Etter halvgått sesong var det midtsesongevaluering, og da var det kome på land 32 laks og eit liknande antal med sjøaure. Det har også vore godt fiske i siste del av sesongen, og Ola Bruset meiner at det nok vil kome fleire fangstrapportar dei siste 2-3 dagane før det altså bli slått strek for årest sesong kl 24 – natt til søndag. Største laks som er rapportert inn så langt er i overkant av 8 kg, men i antal er det nok smålaksen som dominerer – frå 1-2 kg og oppover.