November har vore i julemessenes teikn her på Nordmøre. Det starta med Rindalsmessa, og sia har det gått slag i slag. Laurdag var det Todalen sin tur, og julestemninga var til å ta og føle på i ungdomshuset. Dei fleste utstillarane var nok frå Todalen, men det var også innslag utabygds frå. Utstillarane hadde litt tå kvart å by på; både mat, strikkavarer, tresløyd og anna pynt.
Todalen sanitetsforening sørga for at folk fikk kjøpt seg kaffe, nystekte bakels med graut eller anna kaffebrød. Inntekta frå kaffesalget var øremerka til dei tyfon-ramma på Filippinene. Det var bra med folk som var innom og utstillarane kunne rapportere om stor interesse for produkta og bra salg. Julemessa i Ungdomshuset er opa til kl 16 på laurdag!
Nedafor finn du nokre bildeglimt med kjentfolk både blant utstillarar og kundar. Alle foto: Jon Olav Ørsal