Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt «Sommarlotteri» har kome godt igang, og er no i innspurtfasen. Fredag 28. juni klokka 14:00 – 17:00 vil Økonomigruppa ha stand på Matkroken Todalen for førehandssal av lodd i «Sommarlotteriet», som har trekning klokka 14:30 laurdag 29. juni.
Årets lotteri har sju flotte gevinstar frå Hageland, Svinvik gard, Takstmann Øyås, Norsk Kvalitetsmat, Alti Surnadal, Olav Thon Gruppen og Setra drift.
Det er mogleg å kjøpe lodd i lotteriet via Vipps 527926. Kvart lodd kostar kroner 20,-. Hugs å skrive kven lodda skal stå på i meldingsfeltet på Vipps.
Trekninga i «Sommarlotteriet» blir, som tidlegare nemnt gjennomført under Todalsdagen laurdag 29. juni klokka 14:30.