I dag, fredag, er det innspurt i Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt digitale pizzalotteri, der premiane er fem gåvekort på valfri pizza på YX Surnadal. Trekninga er fredag kveld klokka 20:00, og Økonomigruppa tek kontakt med alle vinnarane i løpet av fredag kveld.
Så vil du vere med i trekninga av gåvekorta på pizza, så kan du kjøpe lodd via Vipps 527926 fram til klokka 19:00 fredag kveld. Økonomigruppa vil også vere på Matkroken Todalen for å selge lodd til pizzalotteriet frå klokka 10:00 – 12:30 fredag formiddag.
Så har du lyst til å vere med i trekninga av gåvekort på pizza, er det berre å kjøpe lodd!