Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innskriving av nye 1. klassingar for skuleåret 2016/17

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. mars 2016

For 6-åringane er det no tid for å skriva seg inn til skulestart for hausten 2016. I fjor haust såg det mørkt ut for neste skulestart da todalsskulen var trua av budsjettkutta i 2016-budsjettet. Men no er det altså klart for registrering av elevar som skal starte på 1. skuletrinnet til hausten.  I Todalsskulen skjer det tysdag 8. mars, med tidspunkt etter nærare avtale.

Innskriving av nye førsteklassingar skjer sjølvsagt i alle skulane i kommunen og rådmannen har sett opp plan med tidspunkt for dei forskjellige grunnskulane:
•  Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter tysdag 08.03.16 kl. 12.00.
•  Mo oppvekstsenter torsdag 10.03.16 kl. 16.00.
•  Todalen og Stangvik oppvekstsenter, Stangvik tysdag 08.03.16 etter avtale.
•  Todalen og Stangvik oppvekstsenter, Todalen tysdag 08.03.16 etter avtale.
•  Øye skule onsdag 9. mars 2016 kl. 1500.
For Øye skule skjer frammøtet på arealet til 1.trinn, inngang i nybygget mot nord. Parkering nedafor kyrkja og framom idrettshallen.

Før oppmøte på innskrivingsdagen, ber kommunen om at det for kvar elev fyllers ut elektronisk innskrivingsskjemaet, som de finn nærare opplysningar om på heimesida til Surnadal kommune, der «Skjema» ligg under høgre marg.

Publisert: 1. mars 2016, 21:29