Forrige tirsdag arrangerte Todalen, Øvre Surnadal og Torvik Sanitetsforening felles kosthaldsforedrag i Surnadal. Oppmøtet var ikkje det heilt store, men dei som møtte fekk eit lite innblikk i eit nytt prosjekt som no er på gang vedrørande barns matvanar i tidleg alder. Ernæringsfysiolog og professor Nina Øverby heldt foredraget “Positive og negative trekk i barns kosthold – hva betyr det og hva kan vi gjøre?” Ho arbeider med mat, helse og kosthald for barn og unge, og er ansvarleg for faget Kosthald og helse på Universitetet i Agder.
Dei to foredragshaldarane kom heilt fra Universitetet i Agder for å presentere sitt prosjekt «Barns Matmot»- for aller første gong. Prosjektet skal kartleggje, finne tiltak og ha oppfølging for å nå målet om å stagge dei ikkje-smittsomme folkesjukdommane og livsstilssjukdommane. Gode matvaner kan ein lære gjennom sansar og språk, og det er dette prosjektet kjem til å sette fokuset sitt på. Barn må tidleg lærast opp til å like maten på bakgrunn av sine fem smakssansar, ikkje på bakgrunn av mor og far sine. Å lære seg å like noko tek av og til tid, og ikkje minst tolmod frå dei vaksne. Like viktig er også å klare å sette ord på kva ein smakar og opplever med maten.
I pausen vart det servert påsmurte baguettar, og velsmakande kaker. Og ei lita utloddning vart det naturleg vis også plass til, der dei tre Sanitetsforeningane hadde fått sponsa gevinstar frå både Orkideen blomster og AMFI Surnadal.