På eit par kveldstimar samla dei fire konfirmantane inn heile 9.389 kroner til Kirkens nødhjelp. Dei kunne rapportere stor givarvilje og vart tekne godt i mot når dei kom på døra rundt bygda. Etter at innsamlingsaksjonen var ferdig var det oppteljing i kyrkja, og traktering til både sjåførar og pengesamlarar. På menyen stor kaffe eller kakao og nystekte bollar til heile gjengen. Flott innsats!