Innsamlingsaksjonen er i full gang – i Todalen har dei fleste heimane alt fått besøk av bøssebærarar. Todalen.no trefte 3 av dei da dei var ute på strekninga frå Ansneset til Kårvatn, og dei fortalte om stor givarglede blant todalingane. Rundt om i Noreg er det rundt 100.000 bøssebærarar som er ute for å samle inn pengar i årets innsamlingsaksjon som går til Regnskogfondet.
No er oppteljinga i full gang, og etter kvart vil vi få resultatet av innsamlingsaksjonen både på kommunenivå, fylkesnivå og for heile landet. Her har vi lagt ut ein link til oppteljingsresultatet i Surnadal kommune. Her vil tala bli oppdatert etter kvart som pengane kjem inn og blir registrert, og du kan også samanlikne med tidlegare innsamlingsaksjonar. I skrivande stund, søndag kl 17, er det på landsbasis kome inn rundt 33,9 millionar, med da er oppteljinga langt i frå ferdig. Så dette talet blir nok mykje større utover kvelden.