Todalen sokneråd har no endeleg fått bekrefta beløpet etter konfirmantanes bidrag i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon på tirsdag. Og dei fem konfirmantane samla inn heile 9973 kroner på halvanna time. Dette er godt over fjorårets sum på 7678,- og soknerådet er storveies fornøgd med ungdommanes fenomenale innsats og ønsker nok ein gong og takke dei for jobben dei gjorde, seier Signe Marie Grønmyr frå soknerådet.
Landsoversikta viser i skrivande stund 23 876 577,- men dette er nok ikkje heilt korrekt enda, da ein ser på oversikta at ikkje alle tall er komne med enno: http://fasteaksjonen.no/landsstatistikk