Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innleid arbeidskraft, kantklipparen er bortsett denne sesongen

Elinor Bolme Fredag 5. juni 2020

I Øyagrenda er det den siste veka kommet fire yndige boergeiter for å hjelpe til med krattryddinga. Det er bebuarane på Kvernhaugen og Byteng som no slår eit lag for å redusere gjengroinga med hjelp av geiter. -Vi skal ha dei i to månader, og reknar med at dei lett klarer å beite ned området vi har avgrensa for dei, fortel John Moe. Dei får ikkje heile arealet på ein gong, men vi utvidar det litt etter litt. Geitene er  inngjerda utan fysisk gjerde, men ein dataklave rundt halsen. Dette er  fjernstyrt via data/app med eit system som er levert av Batnfjordsfirmaet Nofence. Kort forklart; inngjerda utan utgard, men om det er 100% utbrytsikkert gjenstår å sjå.

Geitene stammar frå Lia hos Jostein og Monica Moen Kvendset som har valgt å satse på utleige av geit som eit bidrag til å redusere gjengroinga. Tidlegare har det vore skreve i Tk+, at også Surnadal kommune har leigd ein gjeng som skal beite i Svartvassområdet.

Rundt halsen til Desiré og dei tre andre heng hjernen bak nofence, som først gir i frå seg lyd når dei nærmar seg den tilmålte utgarden. Om geita vel å oversjå denne, vil ho i neste steg få eit støt som gjer at ho ikkje fer utaom inngjerdinga si.

 

 

 

 

 

Først publisert: 5. juni 2020, 12:00 - Sist oppdatert: 4. juni 2020, 22:28