Og alle var einige om at det hadde vore ein riktig fin tur, ein triveleg og innhaldsrik dag; – slik kan ein trygt oppsummere historielagsturen til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni.
Bussturen var eit samarbeid mellom Stangvik historielag og Todalen historielag som hadde fått god hjelp av Harald Storli frå Oppdal til å planlegge dagen for bortimot 50 turdeltakarar.
Alt på Gjøra fekk vi guide om bord i bussen, Jon Kletthammer, som guida oss opp Gråura til Lønset. Han fortalde at folketeljinga frå 1865 viser at det budde 220 personar fordelt på 21 gardsbruk og 23 husmannsplassar på denne strekninga; no bur det berre 23 personar på same strekninga. I Gråura er det tre vegar: den eldste er kløvstien, så postvegen, kjerreveg, frå 1600-talet og no riksveg 70, bygginga av denne vegen starta i 1867. Gråura har vore og er ei problematisk vegstrekning; her har det gått mange ras enten av snø eller stein og jord. Norges største snøsrasulykke skjedde her 12. februar i 1868, 32 menneske omkom – av dei var 21 vegarbeidarar frå Nord-Gudbrandsdalen og 11 frå bygda. Raset var 1100 meter breitt og i botnen av dalen var snøhøgda i raset 60 meter. Ei stor tragedie, – ved Lønset kirke står det ein minnestein om raset og dei som omkom.
Rett etter at vi har kjørt frå Lønset, såg vi firmanamnet EVI på ein gammel fjøsvegg, der er det skifabrikk! Endre Hals lagar topp moderne ski,mellom anna randonee-ski, ved hjelp av høgtekonologi!
Ved garden Steinboeng var det stopp – her har det vore busetting frå 1500-talet. Guiden fortalde at dei første som kom hit bygde seg gard der kua deira la seg til å kvile for kvelden da dei var på vandring utover mot Storlidalen. Vidare fekk vi høyre den triste historia om Eli Stenboeng som vart dømd til døden i 1731 og halshogd med sverd. Hovudet med det lange,lyse håret vart sett på stake til skrekk og åtvaring. Brotsverket hennar var at ho hadde fødd eit barn i løynd og gravlagt det. Ho vart skulda for å ha drepe barnet, sjølv sa ho at det var dødfødd. På Steinboeng har dei eit intakt, gammalt kvernhus som er i bruk årleg!
I Storlidalen er det seks gardar: Negard, Utistu, Bortistu, Geilhaugen, Ekra og Austigard. Her er det fine, gamle hus med solbrune vegger og flott natur! I «gamle dagar» var det tett bande mellom folket i Storlidalen og Todalen, ferdselsåra forbi Tovatna og gjennom Gammelseterdalen var mykje brukt. Mellom anna var det vanleg at når slåttonna i Todalen var ferdig, drog ungdommar til Storlidalen for drive onna der.
I Negard Storli var det kaffepause, vertinna Wenche Storli serverte bakels med nydeleg graut attåt! I Negard kombinerer dei gardsdrift og turisme, dei har godt og vel 200 vinterfora sauer. Det nyaste tiltaket er ølbrygging. Fisk frå Tovatna er populær middagsrett. I dag er det Hallvard Storli som driv garden; 9. generasjon i slekta.
Garden Bortistu er frå 1600-talet, her var det matmor frå Todalen i mange år, Magda Aune frå Halsen. Dei har lange tradisjonar med turisme, og gardsspesialiteten er badsturøykt lammelår. I gardstunet er det mange hus, gamle og nye. I fjøset er det restaurant og i møkkakjellaren er det opphaldsrom. I stabbuet er det museum.
Ferda vidare gjekk om Oppdal kirke og Raulånna som er eit freda kulturminne – eit viktig eksempel på herrestue og kongeleg overnattingsstad frå 1600-talet.
Neste stopp var Oppdal museum. Her vart vi møtt av ein utruleg engasjert, triveleg og flink dugnadsgjeng som serverte middag og guida oss rundt. Museet vart grunnlagt i 1937, ligg fint til i Fjellkåsa, har ei tomt på vel 30 mål med vel 30 hus og fleire tusen gjenstandar. Det første huset på museet var Bekkastuggu, ei oppstuggu – ein gammel byggemåte som no kjem att i nye hyttebygg. I dag finst det berre tre gamle oppstugguer i landet, denne på Oppdal , ei på Sverresborg og ei på Bygdøy.
På Oppdal bygdemuseum er det svært mykje spennande og lærerikt å sjå, høyre og oppleve, eit sjeldan fint museum på landsbygda i Norge. Her er det lagt ned uhorveleg mange arbeidstimar på dugnad gjennom 80 år, men så er resultatet imponerande bra! Dette museet kan ikkje beskrivast, det må opplevast! Vi som var der laurdag, vart imponert over det vi såg, men også imponert over kor godt motteke vi vart og kor mykje arbeid museumsgjengen hadde lagt ned for at vi skulle få ein slik fin og interessant dag! Tusen takk!