Jula er ei høgtid med mange tradisjonar, og at «Søyaposten» kjem i postkassen, rett før jul, har etter kvart også blitt ein av desse tradisjonane. Årets utgåve av «Søyaposten» er på 40 sider og inneheld som vanleg ein oversikt over aktiviteten i Idrettslaget Søya det siste året, men også eit historisk tilbakeblikk frå tidlegare år.
Det er Idrettslaget Søya som står som ansvarleg utgjevar av «Søyaposten», og i år har desse vore med i redaksjonen: Theodor Glærum, Marit Haugen, Bergsvein Brøske, Merete Haugen (redaktør) og Kristin Grønnes. Dette er den 51. årgangen av «Søyaposten».
I årets utgåve av «Søyaposten» finn ein som vanleg oppsummering av fotballsesongen for kvart enkelt fotballag. Søya og Todalen samarbeider og har felles lag i dei fleste klassar, så her får vi også lese om spelarane frå Todalen som er med på desse samarbeidslaga i fotball.
I årets utgåve finn vi også diktet «Utsikt frå Strenja, skrive av todalingen Jon Lunde.
Les «Søyaposten 2021 digitalt»