Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innhaldsrik og godt besøkt gudsteneste

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 8. oktober 2023

I dag hadde Todalen Sokneråd invitert til gudsteneste i Todalen kyrkje, og det vart ei innhaldsrik gudsteneste med rundt åtti frammøtte. Det var barnedåp, presentasjon av neste års konfirmantar og presentasjon av 50-årskonfirmantjubilantane, altså dei som vart konfirmert våren 1973. 

Rundt åtti personar møtte opp på gudstenesta. Foto: B G Ansnes

Prost Vidar Wilhelmsen Rygh var dagens liturg. Tema for preika hans i dag var kor viktig det er med stabbesteinar, illustrert gjennom stabbesteinane langs vegen. Dei er med og held oss på rett veg og hindrar oss i å kome utanfor vegen. 

Aksel Svinvik vart døypt. Foto: B G Ansnes

Aksel Svinvik vart døypt under gudstenesta. 

Neste års konfirmantar vart pressentert. Prost Vidar Wilhelmsen Rygh, Sivert Sogge, Selma Skjerve Gjeldnes, Nikole Gunvor Pereira Nordvik, Markus Bolme og Eline Sande Fjellås. Foto: John Moe

Wilhelmsen Rygh presenterte også dei fem konfirmantane som skal konfirmerast til våren. Konfirmantane er Markus Bolme, Sivert Sogge, Nikole Gunvor Pereira Nordvik, Selma Skjerve Gjeldnes og Eline Sande Fjellås. 

Leiar i Todalen Sokneråd, Kristian H. Gjeldnes og dei tre frammøtte konfirmantjubilantane, Ann Ingeborg Halle, Bjørg Bruset og Ingrid Øyen. Foto: John Moe

Leiar i Todalen Sokneråd, Kristian H. Gjeldnes presenterte 50-årskonfirmantjubilantane som vart konfirmert våren 1973. Desse var Bjørg Bruset, Ingrid Øyen, Ann Ingeborg Halle, Erling Allan Halle og Jorunn Ørsal. 

Godt oppmøte på ei innhaldsrik gudsteneste. Foto: B G Ansnes

Etter gudstenesta var både 50-årskonfirmantjubilantane og neste års konfirmantar invitert på Todalshytta til festmiddag. 

Her kan du sjå dagens gudstenesta frå Todalen kyrkje, som vart strima

 

Publisert: 8. oktober 2023, 12:43