Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innføringa av Helseplattformen kan gje kortvarig reduksjon i enkelte helsetilbod

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. oktober 2024
Surnadal kommune skal innføre Helseplattformen 9. november klokka 03:00. Helsepersonell i både dei dag- og døgnbaserte tenestene i Surnadal kommune har det siste året difor jobba intensivt for å førebu ein sikker og god overgang til Helseplattformen, som er tilpassa helsetenestene i kommunen.
 
All nødvendig helseinformasjon frå fleire ulike system skal følge kvar enkelt brukar og pasient over i den felles journalløysinga ved overgangen 9. november. 
 
Det store og omfattande arbeidet med å flytte over informasjonen til Helseplattformen pågår no for fult legg difor beslag på store personellressursar i helse- og omsorgstenestene i kommunen. Fram mot overgangsdatoen kan difor enkelte tenestetilbod og aktivitetar bli reduserte, endra eller avlyste på kort varsel. Dette gjeld særleg ved sjukdom.  
 
Tenestemottakarar og pårørande skal vere trygge på at nødvendige helsetenester blir gitt, men tilbod som ikkje er strengt naudsnte kan frå dag til dag måtte vike av kapasitetsomsyn.
 
Kommunen er klar ovar at fleire kan bli skuffa, men ber om forståing i ein avgrensa periode med stort press på helse- og omsorgstenestene.
 
Etter 9. november bur 75% av innbyggarane i Midt-Norge i ein kommune som har innført og brukar Helseplattformen. Det er innført ei rekke naudsynte forbetringar i løysinga og innføringsløpet sidan Trondheim kommune og St Olavs hospital tok i bruk Helseplattformen frå 2022. 
 
Publisert: 22. oktober 2024, 11:52