I samråd med kommuneoverlegen har leiinga ved Surnadal sjukeheim innført nye tiltak som gjeld for besøkande og pårørande som har vore på reise til eller er busett i dei kommunane som no er råka av det muterte koronaviruset. Dei nye tiltaka gjeld frå fredag 29.januar.
Kommunane som er råka av det muterte viruset er: Nordre Follo, Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Oslo, Vestby, Våler, Ås, Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde og Skiptvedt.
Som ein direkte konsekvens av dette innfører Surnadal sjukeheim følgande tiltak:
- Pårørande og besøkande som har vore på reise i dei nemnte kommunane etter 22.januar blir bedne om å avvente eventuelle besøk ved sjukeheimen i 10 dagar etter heimkomst.
- Pårørande og besøkande som er heimebuande i desse kommunane blir bedne om å avvente besøk ved sjukeheimen inntil situasjonen er meir avklart og oversiktleg.
Elles gjeld individuell vurdering av eventuelle besøk ved alvorleg sjukdom, slik som før. Det må gjerast avtale på førehand for alle besøk ved sjukeheimen.