Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innfører lokale tiltak for naudnummer

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 13. november 2024
Det har i dag vore problem med Telenor sitt nett, noko som gjer at delar av kriseleiinga i Surnadal kommune har hatt møte om situasjonen og har iverksett tiltak for å trygge liv og helse inntil naudnummertenesta er heilt friskmeldt.

Tiltak i Surnadal kommune

Naudnummertenesta fungerar enno ikkje heilt som normalt i Surnadal kommune. Ordførar og delar av kriseleiinga har hatt møte om situasjonen. Vi har vore i kontakt med operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt som bekreftar at situasjonen er betre, men ikkje heilt friskmeldt alle stader.  

Ved behov for kontakt med naudetatane, prøv først 110, 112 og 113. 

Dersom dette ikkje fungerar som normalt, vil brannstasjonar/bustader for lokale brannmannskap fungere som fysiske kontaktpunkt ved behov for å bli sett i kontakt med nødsentralar. 

Desse stadene er bemanna inntil situasjonen er friskmeldt:

  • Brannstasjonen i Røtet
  • Bustad til Per Egil Fiske – Kvanne
  • Bustad til Michal Heimlund – Todalen
  • Bustadene til Ingebrigt Garte og Per Gudmund Bøe – Bøfjorden

Desse er utstyrt med jaktradio og kan treffast på kanal Jakt 1. 

Kommunal befalsvakt har telefon: 416 35 388 og lyttar på jaktradio kanal Jakt 1.

Dersom du ringer nødetatane i Møre og Romsdal på telefon 70 11 87 00 – vel tasteval null for sentralbord, så du slepp å få opplista alle val.

Publisert: 13. november 2024, 16:02