Onsdag var det definitivt slutt på kontorhald i Moelvenbrakker og flyttesjau hos Melby Snekkerverksted på Eide. Melby Snekkerverksted har dei siste åra vore ein del av Talgøkonsernet, og har etter kvart vokst ut av det gamle kontorbygget. – Det siste året har vi formeleg «bugg i brakker», og no sett vi umåteleg stor pris på at vi får flytte inn i det nye og fine kontorbygget, seier dagleg leiar Bjørn Melby.
Melby er slik som Talgø ei gammel familiebedrift – starta av faren i 1952, og Bjørn kom med i 1972. I starten laga dei alt muleg på snekkarverkstedet, men etter kvar har Melby vorte ein reindyrka trappeprodusent, og er i dag ein av dei største produsentane av trapper. For å sikre selskapet inn i framtida har Melby gått inn som ein del av Talgøkonsernet, der Talgø Invest er majoritetseigar.
Onsdag var det altså festdag hos Melby – da var eigarar, leverandørar, samarbeidspartnarar, ordføraren og media invitert for å ta del i opninga av nybygget, samtidig som den siste nyinvesteringa i produksjonshallen vart feira. Det nye administrajonsbygget rommer alle administrative funksjonar, sosiale rom og ei fin og lys kantine. Bygget fyller sjølvsagt alle dagens krav til fasilitetar med heis og talett med HC-funksjonar. I produksjonshallen er ny CNC nestingsmaskin på plass. – I tillegg er det investert i nytt digitalt materiallager og utstyr for optimalisering av materialbruken. Det nye produksjonsutstyret har kosta eit titalls millionar.
Bjørn Melby innleia med å orientere om historia til Melby og selskapets liv og virke fram til i dag. Bjørn har nok imponert mange, for gjestane hadde ordet i tur og orden etter at alle var traktert med snittar og tilbehør. Det var ikkje måte på skryt til Bjørn – alle hadde stor tillit og har nytt godt av det gode samarbeidet med Bjørn. I all beskjedenheit tykte Bjørn at det gikk for vidt med skrytet, men det var nok velfortjent. Sjølvsagt delte han skrytet med dei tilsette: – Vi er heldig som har med oss flinke folk, som er interessert i det vi held på med…
Konsernsjef Terje Talgø avslutta seansen, og orienterte litt om det Talgø held på med, og nytta samtidig høvet til å kikke litt inn i glaskula og mente at både Talgø og Melby er godt rusta til å gå framtida i møte. Det er nemleg slik at det er i dårlige tider ain skal ruste seg til å møte gode tider!
Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå feiring hos Melby Snekkerverksted – Alle foto Jon Olav Ørsal