Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innfallsport til Trollheimen – planarbeidet i gang

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. september 2019

Tidlegare i sommar vart det arrangert infomøte med tanke på å etablere eit infopunkt i Todalen, der folk kunne finne informasjon om Trollheimen og tilrettelegging for bruk av verneområdet og resten området. Da vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle jobbe med å etablere ein innfallsport og kvar den skulle plasserast.

Gruppa består av Hege Sæther-Moen og Ragnar Halle frå områdestyret for Trollheimen, Nils Ove Bruset (Todalen I.L.) og Bjørn Gunnar Ansnes (Todalen Grendalag). I tillegg er Ståle Ansnes (Todalen Bondelag) og Karin Halle (Surnadal kommune) med i gruppa. I kveld hadde dei første møtet i Skulstua, og formålet var å få fram idear og starte planlegginga av eit slikt infopunkt og kome i gang med finansieringsplan og forslag til gjennomføring.  – Vi bør ha ei plan klar i løpet av hausten, slik at vi kan sette i gang i løpet av neste år, sier Sæther Moen.

Da vi stakk innom var gjengen i fullt arbeid og det vart kasta fram mange interessante løysingar.  Gjennomgangstonen var at eit slik infopunkt bør etablerast i nærleiken av butikken eller som ei samlokalisering med andre lokaler.  Men her er ingenting avgjort, og det kjem heilt sikkert til kome interessante alternativ som vil bli presentert etter kvart.

Publisert: 5. september 2019, 05:00