Tidlegare i sommar vart det arrangert infomøte med tanke på å etablere eit infopunkt i Todalen, der folk kunne finne informasjon om Trollheimen og tilrettelegging for bruk av verneområdet og resten området. Da vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle jobbe med å etablere ein innfallsport og kvar den skulle plasserast.
Gruppa består av Hege Sæther-Moen og Ragnar Halle frå områdestyret for Trollheimen, Nils Ove Bruset (Todalen I.L.) og Bjørn Gunnar Ansnes (Todalen Grendalag). I tillegg er Ståle Ansnes (Todalen Bondelag) og Karin Halle (Surnadal kommune) med i gruppa. I kveld hadde dei første møtet i Skulstua, og formålet var å få fram idear og starte planlegginga av eit slikt infopunkt og kome i gang med finansieringsplan og forslag til gjennomføring. – Vi bør ha ei plan klar i løpet av hausten, slik at vi kan sette i gang i løpet av neste år, sier Sæther Moen.
Da vi stakk innom var gjengen i fullt arbeid og det vart kasta fram mange interessante løysingar. Gjennomgangstonen var at eit slik infopunkt bør etablerast i nærleiken av butikken eller som ei samlokalisering med andre lokaler. Men her er ingenting avgjort, og det kjem heilt sikkert til kome interessante alternativ som vil bli presentert etter kvart.