Tysdag kveld innbyr TILs trimgruppe til fellestur til Haukarsteinen. Det er oppmøte og start frå Heggøyann kl 18. Turen går opp Romålia til Haukarsteinen, og vidare innover til Berga der det er fint å gå over Romåa, og forsetter utover til Trongen og nedatt Sæterlia til Høgbakkan og utover Røskattvegen og over Romåbrua til Heggøyann.
Har du lyst til å bil betre kjent i Romålia og i Seterlia er dette eit godt høve, for ingen er vel betre kjent der enn Trygve Halle som skal være kjentmann på turen. Dersom du heller vil ta heimturen via Haukarsteinen og nedatt Romålia så er det greit. Fin kveldstur som kan passe dei fleste, og turen passar godt for bruk av fjellsko.