Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innbyggarundersøking – Korleis kan kommunen kommunisere betre med deg?

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. mars 2023

Korleis kan Surnadal kommune kommunisere betre med deg? Det er spørsmålet ei tverrfagleg prosjektgruppe spør om i ei innbyggarundersøking kommunen håper innbyggarane vil vere med å gje dei tilbakemelding på. Alle med folkeregistrert adresse i kommunen skal ha fått ein e-post med oppmoding om å delta i undersøkinga. 

God kommunikasjon og informasjon skapar tillit og moglegheit til å påverke. Kommunen gjev deg tenester gjennom heile livet. Saman med politikarane kommunen får å gje gode tenester til alle.

Surnadal kommune vil at du skal oppleve ein open og trygg kommunikasjon med dei, og at informasjonen dei gjev, når fram til deg. Korleis opplever du dette? Korleis vil du helst ha det?

Ei gruppe tilsette frå ulike fagområde har fått i oppdrag å utarbeide ein kommunikasjonsstrategi for intern og ekstern kommunikasjon i regi av Surnadal kommune. Det denne gruppa ender opp med, skal vere basert på innsikt i lokale ønsker og behov og bidra til at kommunen oppnår felles mål.

Surnadal kommune har difor laga eit kartleggingsskjema der dei stiller nokre viktige spørsmål til innbyggarane og andre med tett tilknytning til kommunen. Dei håpar så mange som mogleg sett av nokre minutt til å svare på undersøkinga.

Har du fått e-post frå Surnadal kommune?

Surnadal kommune har sendt ut e-post til alle med folkeregistrert adresse i kommunen. med lenke til eit kartleggingsskjema. Du svarar heilt anonymt.

Svar anonymt på undersøkinga?

Hjelp til brukarar som ikkje er digitale

Kommunen opplyser at alle frå 12 år og oppover er inviterte til å svare på undersøkinga. Dei håper at nærståande eller andre kan hjelpe dei som treng dette, eller dei som ikkje er digitale med å svare på undersøkinga. Dette for å få eit så breitt grunnlag for undersøkinga som mogleg. Undersøkinga inneheld ikkje personsensitive opplysningar og er anonym. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 14. mars 2023, 11:58 - Sist oppdatert: 15. mars 2023, 09:19