Forbipasserande meldte om at det har vore ruteknusing og innbrot i skulebygninga i Todalen. 3 vindusruter inn til eit av klasseromma var knust, slik at ein kunne opne det eine vindauga. Eigedomssjef Olav Rønning fortel at det har vore vaktmester på staden for å sikre vinduet.

Den gamle skulebygninga i Todalen. Innbrotet har skjedd ved knusing av 3 ruter i det store vindaugo lengst til venstre i den gamle delen av skulen. Arkivfoto Jon Olav Ørsal
Det var ingen synlege spor etter innbrotet inne i bygninga, så Rønning trekte i tvil om nokon hadde vore inne. Dersom det er nokon som har observert folk i skuleområdet den siste tida så set Rønning pris på eventuelle tips. Vaktmester vil sørge for at dei tre knuste vindaugo blir skifta ut med nye. Elles seier Rønning at Politiet er kjent med saka.
I sommar blir det campingdrift på skuleområdet – deler av gardrobeanlegget i den nye delen er også leigd ut til Todalen bøgdalag.