Erik Kårvatn reiste til Oslo og Frognerparken med håp om å bli mellom dei 10 beste i sin klasse i NM i terrengløp. Erik deltek for Rindal I.L. og det er klasse G16 vi her snakkar om, og løpet var på 4 km – 2 x 2 km.
Resultatet vart altså femteplass, og fattige 7 sekunder frå medaljeplass i sin klasse. Men slik er det, seier Erik, som er veldig godt nøgd med 5.-plassen og medgir at 7 sekund kan være mykje det også enkelte gonger.
Erik tykkjer iallfall at det er ein stor inspirasjon for vidare satsing, og da vi snakka med han hadde han akkurat sett Johaug i mål, og venta på at Henrik Ingebrigtsen skulle starte.