På garden Jostua Bele i Bæverfjorden har Solveig Haglund og Helga Bele eit unikt tilbod til personar som har demenssjukkdom. På møtet i Todalen sanitets forening tysdag kveld orienterte dei to engasjerte og positive kvinnene om prosjektet Inn på tunet.
Inn på tunet har to ulike tilbod: Dagaktivitetstilbod eller helgetilbod på Gardspensjonat i Jostua på Bele i Bæverfjord. Målgruppa er personar som har kognitiv svikt/demenssjukdom. Det blir lagt til rette for aktivitetar ut frå interesse og funksjon til brukarane. Trivsel og tryggheit er viktig, fokus er på det brukaren får til og kan utføre, og ikkje på det som er negativt og vanskeleg.
Årets prosjekt 2021
Todalen sanitetsforening har utvikla eit godt samarbeid med Bele og Haglund om Inn på tunet – helgetilbod. Maren Ansnes, Ragnhild Ansnes Moe, Kari Kvendset, Steffi Bohle og Solveig Glærum er med i prosjektgruppa frå Todalen sanitetsforening. I 2021 søkte Sanitetsforeninga om midlar frå Damstiftelsen, og søknaden og prosjektet vart sett på som så positivt, at Inn på tunet har fått tilskott på til saman 600 000 kroner! Dette er pengar som uavkorta går til prosjektet Inn på tunet.
Under regional samling for Norske kvinners sanitetsforening i Trondheim i midten av september fekk Todalen sanitetsforening velfortent heider for innsatsen sin: Inn på tunet vart kåra til Årets prosjekt 2021! Maren Ansnes og Solveig Glærum deltok på samlinga og fekk æra av å ta imot prisen, dei vart både overraska og glade! Godt med positiv respons etter å ha lagt ned så stor innsats.
Inn på tunet helgetilbod
Dette er eit altså eit tilbod til heimebuande yngre med demenssjukdom, frå fredag ettermiddag til søndag etter lunsj. Her kan enkeltpersonar eller person med følge delta. Tilbodet er gratis, og ved behov er det samarbeid med demenskoordinator i kommunen og eventuelt heimesjukepleie.
Her er det ikkje fokus på sjukdomen, men på det positive og det som fungerer bra hos den enkelte. Deltakarane får drive med det som dei likar, har interesse for og får til. Det kan vere å lytte til musikk, gå tur, drive med hobby, gardsarbeid eller andre aktivitetar som er ønskeleg. Trivsel og positive opplevingar er det viktigaste! Målet er å finne fram til godfølelsen! «Å eve heile livet!» er mottoet for demensarbeidet.
Det er berre tre deltakarar om gongen, og den demente kan ha med seg ein pårørande. Det er ofte krevjande å vere pårørande til demente, og i «Nasjonal demensplan» er det lagt vekt på å ta vare på dei pårørande, også. For dei demente og dei pårørande er det viktig at dei ikkje isolerer seg eller blir isolert – sosialt samvær og impulsar utanfrå er både positivt og viktig!
Solveig og Helga driv privat, men i samarbeid med kommunen. Samarbeidet med frivillige organisasjonar er godt og verdifullt, og midlane dei har fått gjennom Sanitetsforeninga i Todalen, gjer at tilbodet Inn på tunet kan gjennomførast og vere gratis. I tillegg hjelper Sanitetsforeninga til med praktiske oppgåver og er med på diverse opplegg. Alle som er med som hjelparar, har teieplikt! Solveig og Helga set stor pris på og er takknemlege for det gode samarbeidet dei har med Todalen sanitetsforening!