I kaffekroken på Halsbua vart det feiring med blautkake i dag. Ingvar Øyen fylte nemleg 90 år den 10. august, og slike dagar med runde tal er det naturleg å feire litt. Ingvar er «still going strong» og kom køyrande på handel i bilen sin til den enkle feiringa i Kaffekroken. Han røpa at han skulle feire litt saman med familien seinar på dagen. Vi gratulerer Ingvar så mykje med dagen!
