Saniteten arrangerte i dag sin førjulskaffe i Sanitetshuset. Rundt 40 stykker med stort og smått var samla til ei triveleg adventsstund med nissegraut og juleverkstad. Undervegs var det loddsal med utallige gevinstar og kaffeservering. Ellers var naturleg nok dei aller minste i sentrum, då det var utdeling av barnas lykkeskilling til dei som har vore født det siste året.
Til slutt vart det høgtidleg lese opp trekningsresultatet av biletet av Elisabeth Aas som det har vore mulegheit til å ta nummer på gjennom 10 månader. Og den som stakk av med vinnarnummeret var Ingrid Todalshaug Ørsal.
Under er nokre bilder frå aktivitetane. Alle foto Elinor Bolme.