Torsdag var det tid for å mimre og feire på kantina på Talgø. Det var siste arbeidsdagen for Ingri Bruset, som kunne tre av etter 46 år hos Talgø – først mange år på Talgø Møbelfabrikk og til slutt i selskapet Talgø Invest. Samtidig vart også Hans Bergersen takka av, men han har berre halvparten så lang fartstid og han skal ha siste arbeidsdag 8. august.
Heile administrasjonen var samla i kantina i 2. etasje, og det vart traktert med blautkake og kaffe til heile gjengen som møtte opp for å takke av dei to. Det var mangt å minnast på ein slik dag, og sjølvsagt var det lovord og gode ønsker for pensjonisttida.
Ingrid tykte det var stas at ho har hatt ein så god arbeidsplass gjennom så lang tid, og tykte ho hadde fått lov til å være med på mykje og har fått lært mykje gjennom alle disse åra. – No set ho pris på at ho kan bruke tida til meir lystbetonte tin etter kvart som pensjonisttilvære sig meir innpå.