Om du vil det eller ei, så er det eit tegn på at ei ny årstid er i kjømda når brøytestikkene blir sett ut. September er ei travel tid for Jenstad Maskin på Gjøra, fortel Ivar Magne Gravem, som onsdag var i full gang med å sette ut brøytestikker etter fylkesvegen rundt bygda. – Ein kan no saktens håpe på at det går nokre veker enno, før det blir behov for brøytestikker.
Jenstad Maskin har kontrakt med Veidekke om utsetting av brøytestikker. Dei har tre traktorar ute med utstyr for å sette ut brøytestikker, og det gjeld alle vegane på Nordmøre der Veidekke er ansvarleg entreprenør. Til saman er det rundt 50.000 brøytestikker som skal ut no i september. – «Så vi har nå å hall på med» sa Ivar Magne, og var realist.
Så får vi bare gle oss til den grøne traktoren kjem for å ta opp att stikkene når det lir til vårs – same utstyret blir bruka da og!