Ein rask fotorunde i «flomålet» bekreftar at det ikkje har vore nevneverdige skadar etter stormfloa rundt midnatt. Ein kan mange plassar sjå kor høg vannstanden har vore på flostrengen som ligg att. Bilda er tekne mellom 10 og 11 laurdag føremiddag, og flostrengen viser at vannstanden har vore omlag ein halv meter høgare i løpet av natta.
Nedafor finn du bilde frå Talgø-fabrikken, Småbåthamna, Todalsøra og Ansnessaga i eit lite galleri. Alle foto: Jon Olav Ørsal