Dei siste tre vekene har det gått føre seg arkeologiske undersøkingar i Svinvika. Det er arkeologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune som har gjort forundersøking i den framtidige vegtrasen for Todalsfjordprosjektet. Dei har ikkje gjort nokon sensasjonelle funn, men likevel er det gjort interesante funn som det skal bli spennande å analysere. Dei vil kanskje endre historia om busettinga og gardsdrifta i Svinvika, seier feltleiar Einar Kristensen til Todalen.no.
Han har saman med arkeolog Brage Sletvold og god hjelp frå Lars Arne Bøe med gravemaskin teke stikkprøvar frå området som er aktuelt plassering for ny vegtrase for fjordkryssinga til Todalsfjordprosjektet. -Vi har funne spor etter gammel dyrking, og vi har funnet pålehull etter byggeverksemd, samt et par ildsted og ei kokegrop. Her er det teke prøvar, som no skal analyserast med tanke på tidfesting – det vil skje i løpet av vinteren.
No er den foreløpige undersøkinga ferdig her i Svinvika, og neste veke startar undersøkinga på andre sida av fjorden – på Rakanessida. Den blir ikkje så omfattande som det har vore her i Svinvika. Må nok innrømme at vi venta å gjøre fleire funn her i Svinvika enn det vi har gjort, sier Einar Kristensen til slutt.