Etter vel 2 døgn utan straum, er det fortsatt ikkje vorte ei løysing på straummangelen på Kårvatn. Svorka har til no no helde på både på dag og natt for å spora opp feilen, utan hell.
I går på ettermiddagen måtte dei difor oppover med eit strømagregat slik at drifta skulle kunne gå som vanleg. På føremiddagen i dag kom dei oppover med ein stor dieseltank til å driva agregatet i ei veke, i verste fall. Det er mykje snø i skogen no etter siste dagars snøfall. Dette gjer både at arbeidet med feilsøkinga går seinare og at faren for at tre legg seg på ledningsnettet til både straum og telefon aukar.
Sjekking av nok ei mast, utan resultat. Alle foto Jon Bruset.
Du kan no og lese meir om straumstansen i starten av året på Svorka.no.