Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ingen endring for laksefisket i Toåa i denne omgangen

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. juli 2024

Direktoratet for naturforvaltning har no gjort ei vurdering av aktuelle tiltak for laksefisket i elvane.  Av dei 33 elvane som vart steng for alt fiske så vil 16 elvar kunne gjenopne for eit begrensa fiske, dei øvrig 17 elvane vil framleis være stengt.  Lokalt gjelder det  Surna og Eira som altså fortsatt må halde stengt. 

For Toåa vil det ikkje bli noko endring i denn omgang  – dermed kan fisket fortsette med dei begrensningane som alt er innført i det nye regelverket som vart justert sist veke.  Da kom nemleg begrensning for han-laks over 85 cm.  – Vi var heldige og gjekk under radaren denne gongen, seier Stig Husby som er leiar i Todalen elveeigarlag til Todalen.no 

I skrivande stund er det landet 10 laksar i Toåa så langt i sesongen – det er 4 smålaks under 3 kg, 5 mellomlaks 3-7 kg og 1 storlaks over 7 kg.  Samtlige laksar er sett ut igjen, og får ein ny sjangse i livet.  

Publisert: 9. juli 2024, 17:55