For nokre dagar sia gikk Ingebrigt K. Bergli ut porten på Surnadal ungdomsskule, og var ferdig med lovpålagt skulegang. Men dermed er det ikkje sjølvsagt at det blir ferie og slaraffenliv gjennom sommaren. Ingebrigt har nemleg fått feriejobb hos Matkroken/Halsoil, og skal sørge for at både flaggstengene og lyspålane på uteområdet ved drivstoffpumpene skal pussast opp i sommar.
Ingebrigt starta jobben med å skrape og børste bort gammel og løs maling, og så må det bli skikkeleg grunning, før han avsluttar med eit par dekkstrøk. Først er det flaggstengene som blir fornydd og etterpa er det lyspålane som står for tur. Ingebrigt tykkjer det er greit å ha litt sommarjobb, slik at det blir litt ekstra feriepengar til ferieturen seinare i sommar.
Til hausten er det nok på’n igjen med skulegang – da er det nok vidaregåande skule som ventar – men først skal det bli ein lang og fin sommar!