Alle som tidlegare i vinter vart vaksinerte med vaksinetypen frå AstraZeneca får tilbod om dose 2 med vaksinetypen frå Pfizer/BioNTech eller Moderna, såkalla mRNA-vaksiner. Dette har FHI bestemt. Vaksinetypen frå AstraZeneca er inntil vidare sett på vent.
I Surnadal kommune er det stort sett helsepersonell som er vaksinerte med AstraZeneca, i tillegg til nokre tenestemottakarar. Alle som har fått første dose med AstraZeneca vil snart motta informasjon om endringa av vaksinetype for dose 2.
Dette opplyser Surnadal kommune på sine heimesider: Vakxinerte med AstraZeneca, no på føremiddagen.