Surnadal kommune informerer no om årets influensavaksinering. Influensasesong sesonger i år, er venta å bli noko verre enn normalt. Dette på grunn av dei omfattande smitteverntiltaka som har vore i samband med covid-19 pandemien. Det har vore lite influensavirus i omløp og vi har låg immunitet mot dette. Alle som er anbefalt influensavaksine er difor oppfordra til å ta den.
Pneumokokkvaksinen er anbefalt kvart 5. år. Under kan du sjå kven som er anbefalt å ta slik vaksine.
Slik bestiller du vaksinering:
Før du kan møte opp til massevaksineringa på Surnadal kulturhus må du bestille time.
- Du kan bestille deg time ved å gå inn på c.19.no/influensa og velje Influensavaksinering
- Du kan ringe vaksinetelefonen 913 79 001 måndag – fredag mellom klokka 09:00 – 15:00.
Tid og stad for vaksinering:
Det blir vaksinering på Surnadal kulturhus desse dagane:
- måndag 31. oktober
- tysdag 1. november
Prisar:
I år må du betale for vaksinering (gjeld ikkje barn):
- kroner 265,- for influensavaksine
- kroner 450,- for pneumokokkvaksine
- kroner 600,- for båe vaksinene samtidig
Betaling kun med kort eller vipps ved oppmøte.
Desse er anbefalt influensavaksine:
Massevaksineringa desse dagane er eit tilbod til alle over 65 år og personar som tilhøyrer ei av risikogruppene under:
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
- Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 måneder til 5 år (Slik vaksinering blir gjort på helsestasjonen)
- Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
- hjerte- og karsykdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),
- diabetes type 1 og 2
- leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
- nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer en alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)
I tillegg er influensavaksine anbefalt til:
- Helsepersonell som har pasientkontakt
- Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
- Svinerøktarar og andre som har jamleg kontakt med levande griser
Føresette med barn i risikogruppa tek kontakt med helsestasjonen på telefon 71 65 58 80 for vaksinering. Andre kan bli vaksinerte via fastlegen sin eller på apoteket.
Desse er anbefalt pneumokokkvaksine:
Frå september 2022 er det anbefalt å ta ny dose kvart 5. år. Før var det 10 år. Gå inn på Helse Norge og Mine vaksiner for å finne tidspunktet for siste vaksinasjon og ha dette klart ved bestilling av time for vaksinering.
Det er anbefalt å ta vaksinen dersom du:
- er over 65 år
- har sjukdom som gir immunsvikt
- brukar medisiner som svekker immunforsvaret
- har ein kronisk sjukdom eller tilstandar som gir auka risiko for pneumokokksjukdom
- Personar som gjennom yrket sitt har auka risiko for smitte, som f. eks. laboratoriepersonell og personar som er eksponert for sveiserøyk
Praktisk informasjon:
Det er mogleg å parkere på dei vanlege parkeringsplassane på Skei. Vi har vaksinevertar inne på kulturhuset, som hjelper deg med å finne plassen din, på same måte som under koronavaksineringa.
Dersom du er sjuk skal du ikkje møte opp til vaksinering. Dersom du er usikker på vaksinering grunna medisinske forhold, kan du ta kontakt med fastlegen din.
For at vaksineringa skal bli gjennomført lettast mogleg, er det ønskeleg at du har på deg overdel med ermer som er lette å brette opp.
Surnadal kommune ønsker velkommen til vaksinering!