Todalen Idrettslag melder at setet på multitreningsapparatet på Hett & Svett er ødelagt. Det vil bli prøva å få sveisa setet, men om ikkje dette går, så må nye deler kjøpast, og det kan ta litt tid. Meir informasjon kjem etter kvart.
Elles oppfordrar idrettslaget alle som brukar Hett & Svett om å rydde etter seg. Dette inkluderer at vektene på vektstengene blir tekne av og sett på plass etter bruk, slik at utstyret er klart til bruk for den som kjem etterpå.
Når lokala er ryddige er det også artigare å kome for å trene!