Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Informasjon frå Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. mai 2021

Trimgruppa i Todalen Idrettslag lanserer, onsdag 26.mai klokka 18:00, sykkeltrim. Sykkeltrimmen er eit lågterskel- tilbod som passar for alle i alle aldrar og uanhengig av utstyr. Trimgruppa tek sikte på å ha sykkeltrim den siste onsdagen i kvar månad fram mot hausten/vinteren. 

Ruta for den første sykkeltrimmen vil bli tilpassa oppmøtet. For dei etterfølgjande sykkeltrimmane vil det eventuelt bli faste oppsette ruter. 

Det vil frå klokka 17:30 vere mogleg å få hjelp til å få sjekka både lufttrykk og justert bramsane på sykkelen, for den som har behov for det.  

Ein representant frå Hovedstyret i idrettslaget vil vere tilstades på Bordholmen for å hjelpe til med registrering av medlemskap i Idrettslaget. Bakgrunnen for dette er at alle som no vil vere medlemmer i Idrettslaget må vere registrert i Norges Idrettsforbund gjennom «Min Idrett», før faktura for medlemskap kan sendast ut. Idrettslaget håper difor at dei som er usikre på om dei er registrert i «Min Idrett», eller som ønskjer hjelp til registrering, tek turen nedom Bordholmen onsdag 26.mai i tidsrommet 18:00 – omlag 19:30

På toppen av det heile, vil kiosken vere open! Her kan dei lokke med godbitar som bakels med graut, is, sjokolade, forutan kaffe og brus. 

Trimgruppa ønskjer alle velkomne på sykkeltrim eller for ein kopp kaffe med noko attåt!  

 

Publisert: 23. mai 2021, 10:35