Todalen Idrettslag sender i desse dagar ut Medlemsinfo til sine medlemmer. Dette kjem i postkassen i løpet av helga. Her ber idrettslaget alle medlemmer om å sende inn epostadressa si. Dette for å lette arbeidet med å sende ut medlemsinformasjon og medlemskontingent. Så idrettslaget håper på god respons frå sine medlemmer på dette! Medlemmer som bor utanfor bygda blir spesielt oppfordra om å registrere epostadressa si!
Info skrivet frå Todalen Idrettslag finn du her: «Medlemsinfo»
Den som ikkje er medlem, men som ønsker å melde seg inn, kan trykke på linken «Medlemsinfo» ovanfor for å finne kontaktinformasjonen.
I informasjonen frå Todalen I.L. blir vi òg informert om at InterSport Olaf Moen eftf. AS og Todalen I.L. har inngått ein samarbeidsavtale som gjev medlemmene i Todalen I.L. 20% rabatt på alt sportsutstyr som er relatert til aktivitetane i Todalen I.L. Rabatten gjeld på ordinære prisar og ikkje tilbodsvarer og spesialtilbod.
Todalen I.L. har og fått Surnadal Transport AS med på laget som sponsor. Laurdag var banekomiteen i full gang med å sette opp reklameskiltet til Surnadal Transport AS på Bordholmen stadion. Skiltet er levert av EB Video AS.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2020/11/20201128_134531-1-400x300.jpg)
Surnadal Transport AS sitt sponsorskilt blir montert, f.v. Ola H. Ansnes, Lars Stensby og Einar Husby. Foto: B G Ansnes
Vidare opplyser Todalen I.L. at Romjulsmarsjen går som normalt søndag 27.desember mellom klokka 12:00 og 15:00. Meir informasjon om Romjulsmarsjen kjem seinare. Men det kan vere lurt å notere datoen allereie no!
Den tradisjonelle julerevyen går dessverre ut i år. Dette skuldast Koronasituasjonen.