Infomøte om Vandrefestivalen – i kveld
Frå Ragnhild Godal Tunheim har vi fått innbyding til infomøte om Norsk Vandrefestival. Ho skriv:
«Informasjonsmøte i Todalen om Norsk Vandrefestival 2010 og vandrekonferanse i Todalen Ungdomshuset, måndag 22.mars kl. 19.30.
Norsk Vandrefestival skal arrangerast for aller første gong 10.-15.august i år. Vi ønskjer at festivalen skal vise gode eksempel og hjelpe til å utvikle eit allsidig aktivitetstilbod innan vandring, natur- og kulturopplevingar for tilreisande og lokalbefolkning i dei beste frilufts- og naturområda i Halsa Surnadal og Rindal, som har gått saman om dette initiativet. Vandrekonferansen under Norsk vandrefestival skal vere eit kjernearrangement i festivalen.
Arbeidstittelen på både festivalen og konferansen er ”Naturen som leikegrind”. Fordi vi ønskjer lage ein ny form for konferanse – i kombinasjonen av opplevingar og fagleg påfyll, kunnskap og inspirasjon frå staden vi er på, ønskjer vi oss Kårvatn og Todalensom konferansestad og hovudbase for Norsk Vandrefestival i 2010.
I tidlegare innleiande møte mellom Norsk Vandrefestival, Gudmund Kårvatn, Godt mot Todalen og Todalen idrettslag er tankar og positiv tilslutning lufta. I fellesskap ønskjer vi derfor no å høyre kva resten av Todalen og todalingane ser av mulegheiter til å delta, skape fokus på bygda og regionen, og ha att i form av profilering, lokale leveransar og nærings- og bygdeutvikling.
Dette er ei mulegheit for bygda – så vi håpar mange vil møte opp med interesse for korleis vi kan utvikle dette til eit knakande godt arrangement.
Kom derfor på møte i ungdomshuset måndag 22.mars kl 19.30.
Arr: Godt mot Todalen, Todalen IL og Norsk Vandrefestival
Her kan du laste ned meir info om møtet og presentasjon av festivalen