Onsdag 31. august kl 19.30 vert det informasjonsmøte om Trollheimstunnelen i Todalen Ungdomshus. Det er Surnadal Arbeiderparti og Surnadal Senterparti som inviterer alle som er interessert til møtet, og dei har hyra Tore Dyrnes som møteledar. Ragnar Halle som er initiativtakar til møtet reknar med at dette har stor interesse, både i Todalen og utafor Todalen.
Til møtet kjem Bergsvein Brøske, styreledar i Trollheimstunnelen, Ola Hals, arbeidsgruppa for kort tunnel og bru, ordførar Ståle Refsti, Sunndal, ordførar Mons Otnes, Surnadal. I tillegg kjem det folk frå Statens Vegvesen og frå Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Todalen I.L. vil sørge for kaffeservering.