Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Infokveld med jakt- og rovdyrforvaltning

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mars 2017

Viltnemnda i Surnadal kommune og Surnadal JFF arrangerte i fellesskap Kløverstukveld med tema om storviltjakt og rovdyrforvaltning. Erfaringsvis trekkjer disse arrangementa så mykje folk, så Svorkasalen var samlingspunktet for Kløverstukvelden denne gongen.

Og det trongs for det vart 60-70 tilhøyrarar når leiar i viltnemnda Ragnar Halle ønska velkomen, og slepte til Anders Magne Ormset frå SJFF. Han snakka om jakt på reveåte, og opplegget dei har ordna med eit par åteplassar der alle kan kome å prøve seg. Den eine plassen er på Gulla og den andre på Kvamsgjerdet. Det er mykje rev, og som sagt kan alle ta del i åtejakta.

Årets nyheit i regi av jaktutvalet i Surnadal JFF: Ei hytte som er stillt til disposisjon for lagets medlemar for å drive åtejakt på rev Foto: Anders Magne Ormset

Ormset orienterte også om fallviltgruppa som er etablert og om den store auken av påkøyrsler det siste året. Det var heile 63 påkøyrsler i 2016, og det er ei dobling samanlikna med 2015, og det gjeld spesielt rådyr. Han oppfordra til å sette ned farten i skumringstimen både morgon og kveld som eit aktuelt tiltak i områder med mykje vilt.

Det har vore stor auke i viltpåkjørsler dei siste åra – det har spesielt gått hardt ut over rådyra, fortalte Anders Magne Ormset. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 
Neste post på programmet var rovdyrforvaltninga. Lars Olav Lund, som er oppsynsmann for Statens naturoppsyn i Trollheimen orienterte om rovdyrforvaltninga og om oppgåvene som SNO har.
SNO har til saman 21 kontor, der kontorplassen til Lund er plassert i Rindal.
På landsbasis er det i løpet av året rundt 6-7000 tilfelle av rovviltskadar på husdyr, og i tillegg er dei utøvande med tanke på felling av rovvilt som gjer skade på bufe og elles kontroll og tilsynsoppgåver. SNO driftar og fleire nettportalar både med tanke på informasjon ut til folket og for bruk i innsamling av data til bruk i SNO.

Lars Olav Lund orienterte om statusen for dei store rovdyra i Trollheimen. DNA-prøver er avgjerande for oppfølgjing av jervbestanden i Trollheimen og fylket elles. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Lund kopla seg opp og demonstrerte bruken av både Rovdata og Skandobs, som er sentrale i arbeidet for naturoppsynets arbeid og rapportering.
Mykje av fokusen til SNO er konsentrert om dei 4 store rovdyra. I Trollheimen er det nok jerven og gaupa som har størst fokus, og ved bruk av mellom anna DNA-analysar kan SNO dokumentere at det no finns minst 18 individ og 3 ynglingar når det gjeld jerv. SNO sporar 8 hannar og 10 tisper som dei held eit rimeleg bra oppsyn med.
Gaupa er også bokstaveleg tala i skotlina om dagen. Siste veke var det felt 4 gauper i fylket, ei av disse i Surnadal kommune. 

Tore Gjul som er sekretær i viltnemnda presenterte tala frå vårteljinga og frå haustjakta – mykje interessant statistikk for eit lydhørt publikum. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

  
Siste post var presentasjon av statistikk frå vårteljinga av hjort og elg, samt jaktstatistikk etter storviltjakta i fjor haust.  Tore Gjul som er sekretær i viltnemnda hadde laga ein omfattande statistikk som han presenterte for publikum. Vårteljinga går føre seg gjennom 3 teljingar i april, og skal gi ein peikepinn for tildelinga av kvotar til haustens storviltjakt.
Hausten 2016 vart det skote 416 hjortar i Surnadal kommune. Det er ein auke på 29 frå året før og gir ein fellingsprosent på 71,7, som i følgje Gjul var i minste laget. Den burde vært 75%. På landsbasis er både hjorten og elgen i ein liten tilbakegang, og har kanskje samanheng med auka rovdyrbestand.
Toppåret for hjortejakta var nok 2010 da det vart skote 497 dyr i Surnadal.

Tala for elgjakta er i 2016 på 61 felte dyr for Surnadal.  På landsbasis er det felt 31.000 elg, så det er ein enorm matressurs.
Elles vart det felt 59 rådyr i 2019. her er det store variasjonar frå år til år, med over 200 felte dyr på det meste. Variasjonane kan nok tilskrivast både snøvintrar og auka gaupebestand.
Tore Gjul skrytte av jegerane som har vorte flinke til å rapportere digital. Det gjeld både fellingsrapport og sett elg/hjort som no stort sett blir rapportert på denne måten, og som forenklar arbeidet med oppfølginga i viltnemnda.
Han nemnte også skrantesjuka i sitt innlegg. Sjølv om den er lite utbreidd, så er viltnemnda på «tå hev», og jegerar og folk som ferdast i skog og mark blir oppfordra til å melde frå om dei ser noko unormalt, som for eksempel sjølvdaude dyr.  – Eit av tiltaka som er gjort mot skrantesjuka er forbod mot fòring og utlegging av saltstein til hjortevilt.

Eit av tiltaka mot skrantesjuka er forbod mot saltstein og foring av storvilt. Arkivfoto: OT/JOØ

Publisert: 2. mars 2017, 22:00