Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Info til aktivitetskalenderen

Jon Olav Ørsal Fredag 3. januar 2014

Vi saknar info til aktivitetskalenderen for etterjulsvinteren. For at alle skal få best muleg informasjon om kva som skjer i bygda utover vinteren, ber vi om at lag og organisasjonar og eventuelt andre sender oss ein e-post med slik info. Da vil vi legge inn informasjonen på dato, og det vil vises i aktivitetkalenderen.

Det vi treng er:  arrangement, stad, dato, tid (start og stopp) og eventuelt litt info kva som skal skje eller kvar ein kan henvende seg.  Aktivitetskalenderen blir mest nyttig når alle lag og organisasjoner legg inn arrangement straks dato er bestemt. Da vil andre sjå kva datoar som er ledig eller opptekne, og ein unngår kollisjonar for arrangement. Det er også kjekt for den som vil sette av datoar for å delta på ymse arrangement.

Send info til vår e-postadresse som er red@todalen.no eller bruk kontaktskjemaet på nettsida.

Publisert: 3. januar 2014, 20:40