Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Info frå Surnadal kulturhus om jul og nyttårshelga

Elinor Bolme Sundag 25. desember 2016

Det blir, naturleg nok, nokre avvik frå normalen for biblioteket og kinoen i og rundt høgtida, fortel Steinar Hasselø ved Surnadal bibliotek. Biblioteket er stengt 24.–26. desember og 31.desember–1. januar. På dei fire kvardagane i romjula (27.–30. des.) er biblioteket ope i tida kl. 11–14.

Surnadal kino viste sine siste framsyningar før jul onsdag 21. desember. I romjula blir det vist to filmar på dei fire kvardagane (27.–30. desember). «Dyrene i Hakkebakkeskogen» går kl. 13 og «Rogue One: A Star Wars Story» kl. 15. «Star Wars»-filmen blir vist i 3D tysdag 27. desember og i 2D (vanleg «flat» kinofilm) dei tre andre dagane.

Begge filmane har fått svært gode kritikkar (snittet ligg vel på fem på terningen) og er vel verdt å sjå for dei som vil ha eit lite avbrekk frå ribbe, dadlar og andre døsige juleingrediensar.

Først publisert: 25. desember 2016, 07:07 - Sist oppdatert: 24. desember 2016, 11:10