Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Influensa – og koronavaksinering 2025

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. september 2025

Surnadal kommune melder at årets influensa- og koronavaksinering i kommunen vil gå føre seg i perioden tysdag 21. – fredag 24. oktober. Alle dagane klokka 09:00 – 15:00. Oppmøte på Familiens Hus ved kommunehuset på Skei. Kommunen ber dei som ønsker vaksinering i haust om å nytte seg av dei oppsette dagane.

Timebestilling

Ein kan bestille time til vaksinering ved å sende ein SMS eller ringe til telefon: 913 79 001 i perioden 13. – 17. oktober mellom klokka 09:00 – 15:00.  

  • Ved bruk av SMS oppgir du følgande: Namn, fødselsdato og kva vaksine du ønsker.

Pris for vaksiner

  • Influensavaksine: kroner 300,-  
  • Koronavaksine: kroner 100,-  

Betaling kun med kort eller vipps.

Kven får tilbod om vaksinering?

Vi vaksinerer kun personar i risikogruppene. Dette gjeld alle over 65 år og andre i eigne risikogrupper. For meir informasjon om vaksiner og anbefalingar, sjå Voksenvaksinasjonsprogrammet (FHI) Andre kan bli vaksinerte på apoteket.

Føresette til barn som er i risikogruppe og ønsker vaksine, bes ta kontakt med helsestasjonen.

Dersom du treng råd grunna medisinske forhold, snakk med fastlege din.

Praktisk informasjon

For at vaksineringa skal bli gjennomført enklast mogleg, bør du ha på t-skjorte eller overdel med ermar som er lette å brette opp. Er du sjuk skal du ikkje møte opp til vaksinering.

Parkering på dei ordinære parkeringsplassane på Skei.

Pneumokokkvaksinering – nytt i år

Alle personar som er fødd i 1960, dvs. som har fylt eller fyller 65 år i år, vil få tilbod om pneumokokkvaksine til redusert pris. Den vil koste kr. 100 og antatt varigheit på vaksinen er lang, over 15 år. Det vil bli sett opp eigen dag seinare for pneumokokkvaksine. 

Vi ber deg som ønsker denne vaksinen gi oss beskjed om dette når du kjem på influensavaksineringa. Andre som ønsker pneumokokkvaksine må ta kontakt med eigen fastlege.

Meir om pneumokokkvaksine (FHI)

Publisert: 23. september 2025, 14:48