Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Influensa- og koronavaksinering 2024/25

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. oktober 2024
Surnadal kommune informerte no i ettermiddag om at det blir drop-in vaksinering mot influensa og korona på Surnadal kulturhus i år. Her er informasjon om tidspunkt og gjennomføring av vaksineringa denne hausten.
Influensa- og koronavaksinering går føre seg i Svorkasalen på Surnadal kulturhus i perioden måndag 21. oktober til og med torsdag 24. oktober. Du kan få båe vaksinene samtidig. Ein blir spurt om dette når ein kjem til vaksinering.I år treng ein ikkje bestille time for vaksinering. I staden blir det gjeve eit drop-in tilbod der ein kan møte opp på Surnadal kulturhuset på fastsette datoar for kretsen ein er heimehøyrande i. Dette for å gjere vaksineringa så smidig og triveleg som mogleg for alle. Om ein ikkje kan møte til oppsett dag for kretsen sin, er det mogleg å møte opp ein av dei andre dagane. Ein treng ikkje gje beskjed om dette. 

Oppmøtedatoar for kretsane

  • Måndag 21. oktober: Nedre Surnadal
  • Tysdag 22. oktober: Todalen, Nordvik, Kvanne og Stangvik
  • Onsdag 23. oktober: Bøfjorden og Bæverfjorden
  • Torsdag 24. oktober: Øvre Surnadal

Alle dagar frå klokka 09:00 – 15:00.

Kven får tilbodet?

Surnadal kommune gjev vaksinering berre til anbefalte grupper. Andre som ønsker å ta vaksinene, kan ta kontakt med apoteket. Ta kontakt med legen for medisinske råd. 

Barn i risikogruppe kan bli vaksinerte etter eigen avtale på Helsestasjonen. Føresette blir i slike tilfeller oppfordra om å ta kontakt.

Dersom ein må utsette vaksineringa, kan ein sende e-post til vaksine@surnadal.kommune.no

Pris og betaling

Influensavaksina kostar kroner 285,-, medan Koronavaksina er gratis. Betaling kun med kort og vipps!

Praktisk informasjon

Parkering på ordinære parkeringsplassar på Skei. Ha på T-skjorte eller klede med ermar som er lette å brette opp. Sjuke personar skal ikkje møte til vaksinering!

Kven er anbefalt å ta influensavaksine?

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler influensavaksine spesielt til:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko 
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og vaksne med alvorleg grunnsjukdom 

Kven er anbefalt å ta koronavaksine?

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler at følgande grupper tek ei ny oppfriskningsdose med koronavaksine før haust-/vinterseson: 

  • Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe.
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.

Pneumokokkvaksine (mot lungebetennelse)

Det vil bli sett opp eigen dato for penumokokkvaksinering. Når ein kjem til influensavaksinering kan ein gje beskjed om ein ønsker å få time til slik vaksinering seinare. Pneumokokkvaksina kostar kroner 525,-.

Ein blir anbefalt å ta pneumokokkvaksine dersom ein er over 65 år og det har gått 6 år sidan sist ein tok den. Er ein i tvil kan ein sjekke vaksiner ein har teke ved å logge inn på helsenorge.no

 
Først publisert: 4. oktober 2024, 17:14 - Sist oppdatert: 7. oktober 2024, 17:32