Indre Nordmøre Forsvarsforening (INF) fyller 30 år i år, og det skal dei markere med jubileumsfest. Det skjer 20. oktober på HammerStuene på surnadalsøra, skriv ledar Olav Jostein Holten i ei pressemelding. Da inviterer dei alle sine medlemar med følge til fest, og dit kjem også generalsekretæren i Norges Forsvarsforening Christian Bugge Hjorth som skal halde festtalen.
På festen blir det servert eit utval av varme og kalde rettar for ein kvar smak, samt eit rikhaldig dessertbord. Pris pr person er kr 300 + tillegg for drikke etter fritt valg.
På programmet elles står:
Påmelding innan 9. oktober 2012 til Olav Jostein Holten på telefon 71 66 20 21.
INF sett stor pris på om flest mogeleg av medlemane med følgje kan møte opp på jubileumnsfesta. Det er ønskjeleg at dei som har utmerkingar av forsvarsmessig karakter tildelt av NFF eller tilsvarande tek på seg desse ved denne tilstellinga, skriv styret til slutt i innbydinga.