På årsmøtet til Indre Nordmøre Forsvarsforening 15. februar, vart det vedteke å endre namn til Nordmøre Forsvarsforening. Forslaget om namneendringa kom frå styret, og hadde sin bakgrunn i at det ikkje lenger er drift i det som tidlegare var Ytre Nordmøre Forsvarsforening. Da er det heilt naturleg at namnet blir Nordmøre Forsvarsforening, noko årsmøtet sa seg heilt enig i og vedtok.
På årsmøtet fekk styret i Nordmøre Forsvarsforening slik samansetning:
- Leiar: Olav Jostein Holten
- Nestleiar: Lars Indreiten
- Sekretær: Johannes J. Vaag
- Kasserar: Halvor Flatekval
- Styremedlem: Ivar Edmund Vatten
- 1. vara: Jo Inge Øverland
- 2. vara: Nils Johan Rodal
Fullstendig årsmelding frå siste driftsåret til Indre Nordmøre Forsvarsforening, kan du lese her: «Årsmelding INF 2021»
Medlem i Todalen.no –