Malin Indergård og Erik Kårvatn er dei to einaste utsendingane til Youth World Cup Villars frå NSFs ungdomslandslag i randonee. Dei gjorde jammen ikkje skap på sine plassar i dagen individuelle konkurranse i Villars i Sveits. Romsdalingen Malin Indergård kom på 4 plass (Damer 18 år) og Erik kom på 14 i sin klasse (Herrer 20 år).
Malin var faktisk framme og lukta på pallplassen, medan Erik også låg på 8 eller 9 ei stund, men hamna altså på 14.-plass til slutt. Erik mista litt opp mot siste toppen og var litt skuffa over at han ikkje klarte å ta inn at det – mem konkluderte med at det er da ikkje så aller verst med 14.-plass heller i slikt selskap. Det var 34 som fullførte i klasse U20 men.
Malin og Erik ligg ikkje på latsida, så no skal dei reise direkte vidare til Val Louron i Frankrike – først blir det nok godt med eit par dagar fri, men så blir det løp både torsdag, laurdag og søndag.