Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Individinnitiativ

Elinor Bolme Torsdag 11. september 2014

Mange rare ord og vendingar vart bruka under Surnadal kommune sin påfyllskveld for ildsjeler. Ordførar Lilly Gunn Nyheim ønska dei vel 75 påmeldte hjerteleg velkomne, før prosjektleiar Anne Saltrø Polden ønska kveldens motivator HC Medlien frå Lucky Næroset velkommen.  Og for dei som ikkje kom: det var jaggu synd… Hans energi og tankevekkande utsagn og teoriar gjorde at latteren satt laust og at ein fekk tenkt litt nye tankar. Desverre går det ikkje an å gjengi foredraget i rein tekst, for ein vart nærast berre sittande å nyte dette oppkommet av eit fyrverkeri.

image

Ein tittel for ei kvar anledning. Hans Christian Medlien, krusedullfilosof.

HC Medlien har vore og er aktiv i sitt nærmiljø. Han er oppvaksen både med 4H og Bygdeungdomslag, og hadde ved fleire anledningar vore i Surnadal tidlegare. Hans fokus var å tore å tenkje nye tankar, og ikkje minst gjere dei. Løft blikket og tenk litt baklengs. Han utfordra dei frammøtte i sitt vidare arbeid i dei ulike lag og organisasjonar dei representerte: -Stryk ordet prøve, og erstatt det med skal.

 

Lilly Gunn Nyheim

Ordførar Lilly Gunn Nyheim snudde lokalet litt att fram med sin intro. Om ho hadde lese manuset til HC Medlien skal ikkje påståast, men tanken slo kanskje dei fleste etter at han hadde runda første halvtimen på podiet.

Ellers orienterte kulturleiar Lilly Husby om det som sker i kultureininga i kommunen. Det som her kan nemnast er at dei i løpet av september blir å finna på ein felles lokasjon; Surnadal kulturhus. Kultureininga får da eit større fagmiljø, med kino, bibliotek, administrasjon og bygdebokprosjektet samla under eitt tak. Ho orienteret om smått og stort om det som  ahr vore i 2014, og kva som kjem i 2015. Og her var spesielt den auka interessa for  friluftsliv gjennom StikkUt! og morotur.no framheva. Dette er også prosjekt som blir vidareført i 2015, som er friluftslivets år.

Arrangørane hadde også utfordra nokre av dei frammøtte til å fortelje litt om sitt lags frivilligheit. Nokre av dei som representerte her var Knut Haugen og Ole Georg Øie frå Idrettslaget Søya, Else Andresen frå Folkeakademiet og Richard Larsson frå Surnadal Innebandy. Sistnevnte som på eige initiativ integrerte seg i Surnadalssamfunnet ved å starte opp eigen innebandklubb. For det er ei av utfordringane samfunn som Surnadal har, det å rekruttere nye til allereie eksisterande tilbud, og her kom HC Medlien med mange gode innspel til dei frammøtte.

image

Ildsjel Knut Haugen fortel om IL Søya sitt velarrangerte arrangement Søya Cupen. Etterpå fortalte Ole Georg Øie om integrering av innvandrarar på det lokale fotballaget.

 

Les meir om Lucky Næroset her: www.lucky-naeroset.no og sjå innom HC Medliens eiga heimeside www.hcmedlien.no

 

Først publisert: 11. september 2014, 07:00 - Sist oppdatert: 10. september 2014, 23:28