Måndag kveld fylte Hans Olav Settem og bandet “Benedikt & Friends We Are” opp Fjøset på Åsen med sin imtimkonsert. Hans Olav hadde fått med seg kompisane Oddbjørn Sponås og Stein Boge frå bandet Batteri, samt 3 venner og skulekamerater i det nye bandet. I ein time fekk vi nyte tekster og musikk som Hans Olav Settem hadde skrive sjølv, saman med eit 50-tals publikum som kom til Fjøset på Åsen.

Fullklaff i Fjøset på Åsen for “Benedikt & Friends We Are: frå venstre Oddbjørn Sponås, Stein Boge, Emilie Cathrin Korsvoll, Othalie Husøy, Hans Olav Settem og Sindre Skår. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal
Dei hadde øvd heile helga for å ferfeksjonere musikken, og jammen må vi seie at dei hadde lykkast. Det var kanskje litt vanskeleg å bestemme kva sjanger musikken hadde, men vi kan iallfall konkludere med at det er musikk som passer både for gammel og ung.
Konserten i Fjøset på Åsen var ein slags premiere for miniturneen dei no skal ut på. Neste stopp blir i Trondheim, der dei skal ha konsert på Coffee Annan, i kultursentret ISAK. Etterpå dreg dei sørover, med stopp og konsertarrangement på Lillehammer før turen endar med konsert i Oslo.